Gardsbutikk

Type

Business

Country

Norway

Last Update: June 10, 2022

About us

Dei fleste elevane ved skulen bur på internatet. Dette gjev eit levande miljø både om kveldane og i helgane. Elles er det stor tilgang på fritidsaktivitetar både på skulen og i bygda elles.

Fritidstilbod på skulen

Verkstadar for tre-, ull-, skinn- og metallarbeid
Musikkrom og bibliotek
Ridebane og skulehestar
Robåt og kajakkar
Elevhage til å dyrke eigne grønsaker
Skulen si hytte i Rasmusdalen – i fjellet mellom Aurland og Hallingdal
Fritidstilbod i bygda

Rett i nærleiken av skulen ligg eit kommunalt idretts- og samfunnshus. Der finn du gymnastikksal, eit nyoppussa symjebasseng og varmtvannsbasseng og ein fleirbrukshall (Aurlandshallen). Her er det styrkerom og ein kan velje mellom organiserte tilbod med volleyball- og handballtrening, herre-/dametrim, step, boksing, miniatyrskyting og klatring. I same område er det eit moderne utandørs idrettsanlegg som er ope for alle.

contact

location

Sogn Jord- og Hagebruksskule Skulevegen 24 5745 AURLAND